Natteramnar med kamera
Med to filmskaparar framfor kamera blir «Nattebarn» ein dokumentar om meir enn å dela livet sitt på film.

(Noreg, 2021)
Regi og manus: Sverre Kvamme, Petter Aaberg.
Med: Petter Aaberg, Sverre Kvamme, Miriam Øyna, Emma, Monica, Oliver, Cornelia.
Lengde: 1 t. 40 min.
Vist på: Kino.
Da filmstudenten Petter i siste sekund vart berga frå å ta sitt eige liv, tok bestevenen og medstudenten Sverre initiativ til eit filmatisk sjølvhjelpsprosjekt. Føremålet var ikkje i første rekkje å kartlegga livet med psykisk sjukdom, slik som til dømes «Idas dagbok» (basert på Ida Storms eigen videoblogg, 2014), men snarare å fokusera på noko praktisk og utoverretta, i von om at Petter skulle få avstand til dei suicidale tankane som melde seg når skam over eigen seksualitet, eller motgang og nederlagskjensler drog han ned i ein malstraum.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent