Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med to filmskaparar framfor kamera blir «Nattebarn» ein dokumentar om meir enn å dela livet sitt på film.

Natteramnar med kamera

UT I NATTA: Sverre Kvamme og Petter Aaberg køyrer rundt på leiting etter lyden av uhandterlege kjensler. FOTO: INDIE FILM

Det er ikkje opplagt at det er lett å bli vaksen i «verdas beste land å bu i».

(Noreg, 2021)

Regi og manus: Sverre Kvamme, Petter Aaberg.

Med: Petter Aaberg, Sverre Kvamme, Miriam Øyna, Emma, Monica, Oliver, Cornelia.

Lengde: 1 t. 40 min.

Vist på: Kino.

Da filmstudenten Petter i siste sekund vart berga frå å ta sitt eige liv, tok bestevenen og medstudenten Sverre initiativ til eit filmatisk sjølvhjelpsprosjekt. Føremålet var ikkje i første rekkje å kartlegga livet med psykisk sjukdom, slik som til dømes «Idas dagbok» (basert på Ida Storms eigen videoblogg, 2014), men snarare å fokusera på noko praktisk og utoverretta, i von om at Petter skulle få avstand til dei suicidale tankane som melde seg når skam over eigen seksualitet, eller motgang og nederlagskjensler drog han ned i ein malstraum.