Ein sørgjesong til eit komplekst kollektiv.
(Frankrike, 2020)
Regi: Fanny Liatard, Jérémy Trouilh.
Manus: Benjamin Charbit, Fanny Liatard, Jérémy Trouilh.
Med: Alseni Bathily, Lyna Khoudri, Jamil McCraven, Finnegan Oldfield, Denis Lavant.
Lengde: 1 t. 38 min.
Vist på: Kino.
«Gagarine» er noko så originalt som eit melankolsk filmminne om eit sosialt bustadprosjekt kalla opp etter den sovjetiske rompioneren Jurij Gagarin. Filmen har inkorporert den historiske konteksten i dokumentære arkivklipp, men litt førehandskunnskap utvidar forståinga i kinosalen.