Minutt for minutt
Dagens hovudsak var: Vedum på veg til middag hos Støre.
Oppslutninga om stortingsvalet gjekk ned frå 2013 og 2017 til 2021. Tendensen er at førstegongsveljarar, veljarar med låg utdanning og inntekt, og veljarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn har låg valdeltaking. I tillegg veit vi at færre unge vil engasjera seg i partipolitikk, grunnmuren i det parlamentariske demokratiet.
Samansettinga av det nye Stortinget viser at partia arbeider med å auka mangfaldet i eigne rekkjer, men likevel aukar gruppa av menneske som av ymse årsaker vegrar seg for å ta del i den demokratiske prosessen.
Å snu utviklinga er eit kollektivt ansvar. For oss i dagsmedia må spørsmålet vera i kva grad den politiske journalistikken, og røktinga av den politiske debatten, styrkar eller svekkjer trenden med minkande deltaking i val og partipolitikk.
Fleire media har gjort godt arbeid med både positiv og kritisk journalistikk under valkampen. NRK har tatt allmenkringkastaransvar med å venda seg særskilt til førstegongsveljarar gjennom reine oppmodingar om å bruka røysteretten og program som «Sjukt mange spørsmål», som på uformelt vis fyller ut bildet av partileiarane.På tampen av den siste partileiardebatten i NRK kom også ordstyrarane Fredrik Solvang og Atle Bjurstrøm med ein appell til sjåarar og veljarar om å handsama politikarane med respekt. Eit utspel som ville vore utenkjeleg lagt i munnen på debattleiarar som Per Øyvind Heradstveit eller Lars-Jacob Krogh i monopoltida.
«Dei endra journalistrollene speglar ei langvarig kulturendring»
Solvang og Bjurstrøm tar prisverdig tak i hetsproblemet som støyter engasjerte talent ut av politikken i dag. Dei endra journalistrollene speglar også ei langvarig kulturendring, som i all hovudsak er positiv, jamvel for oss som sørgjer over «the fall of public man» og avgrensinga av det formelle, vaksne alvoret, som låg i å ha ein offentleg persona. Samansmeltinga av politikar og privatperson (til den meir diffuse kjendiskategorien politisk profil) fjerna òg eit vern mot usaklege personåtak. Kravet om å vera «heile menneske» òg i politikken har likevel vore viktig for at stortingsrepresentantar kan vera andre enn dressmenn, og at stortingspolitikk er meir enn balansering av budsjett.
Parallelt med utvidinga av politikarrolla har det likevel skjedd ei profesjonalisering av politikken, som truleg både er avskrekkande for dei som ikkje er fødde inn i organisasjonsfamiliar, og lokkande for dei som ser på stortingsplass som ein karriereveg kanta av privilegium. Difor har det vore viktig med både VGs kartlegging av kor mange som har nytta «svingdøra» mellom politikk og konsulentbransje, og Aftenpostens avsløringar av svindel med reiserekningar og misbruk av pendlarbustad-ordninga.
Nokre tendensar undergrev likevel det gode arbeidet, og her feilar alle dei nemnde riksmedia. Bruken av sportsjournalist-malen – politikk som veddeløp, fotballkamp og meisterskapshending – er truleg det fenomenet som i størst grad trøyttar ut veljarane og låtteleggjer både det politiske systemet og journalistikken vår.
Klassekampen skreiv i går at det har vore ei tredobling av bruken av meiningsmålingar sidan 2009-valet. Det skjer samstundes som engasjementet for samfunnsstyring har nådd nye høgder utanfor partia og jamvel har gjeve ei protestliste plass på Stortinget. Partileiardebattane i tv blir til liks med helgesporten ramma inn av oppvarming før og ekspertanalysar og intervju med «spelarane» etter «kampen». Og i vakuumet under regjeringsforhandlingane er politisk «innhald» redusert til push-varsel om at Vedum er på veg til middag hos Støre, direktesende tv-bilde frå garasjen til Ap-leiaren, der ein reporter berre kan peika på den parkerte bilen til Sp-leiaren. Kven og kva er denne «journalistikken» til for? Slutt med det.