Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sp, Ap og SV lovar å opna opp att nedlagde domstolar:

Skal låsa opp att

VIL OPNA: Justispolitisk talsperson i Senterpartiet Jenny Klinge (Sp), som i tolv år har vore medlem av justiskomiteen på Stortinget, er klar for å opna opp att nedlagde domstolar. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie/Klassekampen

TILBAKE: Med ei raudgrøn regjering går det mot reversering av domstolsreforma. Degraderte dommarar får jobben tilbake, lovar Jenny Klinge i Senterpartiet.

I tolv år har Jenny Klinge representert Senterpartiet i justiskomiteen på Stortinget. Dei siste åra har arbeidet med domstolsreforma stått høgt på agendaen. Kjem Senterpartiet i regjering, vil Klinge setta ein strek over reforma.