Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vedum kaster jakka

KAMPKLAR: Partileiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum var på reise i Sogn og Fjordane denne veka, og vitja mellom anna politihuset i Florø.

KAMP: Ein etter ein har dei gamle Ap-bastionane falle for Sps forteljing om sentraliseringa av Noreg. Denne veka drog Sp-leiaren på tokt i Sogn og Fjordane for å redde stumpane.

Heilt inst inne i ein fjordarm av Sognefjorden ligg Årdal.Bygda var i fleire år Arbeidarpartiet-bastionen over alle, der ein oppslutnad langt oppå 70-prosenttalet var heilt normalt.