- SV krever full gjennomgang av norsk olje- og gassproduksjon for å kontrollere den mot 1,5-gradersmålet. – 1,5-gradersmålet er nøydd til å vere premissen for olje- og gassproduksjonen framover, seier SVs Lars Haltbrekken. Han har fått blod på tann etter at regjeringa tysdag la fram eit forslag om å stramme inn oljeskatten. Forslaget flyttar målpostane og gjer at SV kan krevje endå meir i regjeringsforhandlingar med Ap og Sp etter valet, meiner stortingspolitikaren. – Vi meiner forslaget frå regjeringa må vere det nye grunnlaget ein forhandlar ut frå, seier Haltbrekken.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
«Fotballen har vore blant dei områda som har fått flest unntak gjennom heile pandemien. Fotball er òg det forbundet i Norges idrettsforbund som eg opplever har vore gjennomgåande mindre solidarisk med resten av idretten gjennom pandemien.»
Helseminister Bent Høie (H) slår tilbake mot landslagssjef Ståle Solbakkens antyding om at ein må ha ny regjering for å gjere noko med tilskodarkapasiteten på idrettsarrangement.