Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • SV krever full gjennomgang av norsk olje- og gassproduksjon for å kontrollere den mot 1,5-gradersmålet. – 1,5-gradersmålet er nøydd til å vere premissen for olje- og gassproduksjonen framover, seier SVs Lars Haltbrekken. Han har fått blod på tann etter at regjeringa tysdag la fram eit forslag om å stramme inn oljeskatten. Forslaget flyttar målpostane og gjer at SV kan krevje endå meir i regjeringsforhandlingar med Ap og Sp etter valet, meiner stortingspolitikaren. – Vi meiner forslaget frå regjeringa må vere det nye grunnlaget ein forhandlar ut frå, seier Haltbrekken.©NPK