YTINGAR: Litt fleire enn 20.000 personar fekk kontantstøtte i utgangen av juni i år. Det er det lågaste talet på mottakarar denne månaden sidan ytinga vart innført. I juni i år var det 1505 færre som fekk kontantstøtte enn same tid i fjor, noko som er ein nedgang på 6,9 prosent, opplyser Nav. – Nedgangen er litt større enn det han har vore dei siste åra, og både delen og talet på mottakarar er det lågaste i juni sidan kontantstøtta vart innført i 1998, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte, og fortset: – Dette av di det har vorte fødde færre barn, og færre har krav på kontantstøtte.©NPK