Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Ungdommane i Framstegspartiet har ein kampanje mot nynorsk i skulevalkampen der dei stiller opp med plakatar av Ivar Aasen og teksten «F**K NYNORSK». Ifølgje ungdomspartiet sjølv er det ein aksjon ikkje mot nynorsk, men mot obligatorisk sidemål. Då reknar eg med dei har minst like mange plakatar med teikning av Knud Knudsen og «F**K BOKMÅL». «Vi er leie av at norske elevar må bruke tid på fag som ikkje er relevante for arbeidslivet», sa FpU-leiar Andreas Brännström til NRK. Då kunne han prøvd arbeidslivet mitt. Eit parti som er så oppteken av norsk kulturarv og norske verdiar, kunne kosta på seg litt meir engasjement for språket bygd på det nederva norske talemålet gjennom hundrevis av år.
  • Det verkar kanskje som ein god idé å gå back to basics for ungdomspartiet når ein skal snu søkkjande medlemstal. Alle ungdomspartia mista medlemmar frå 2019 til 2020. Det er trasig om færre skal vere politisk aktive på grunn av korona, men vi får tru det kjem tilbake. Då helst med litt meir modne forsøk enn det FpU prøver på. Uheldigvis for dei ser verda ser annleis ut enn ho gjorde før. Sist eg sjekka i går hadde Noregs Mållag fått 350 nye medlemmar etter saka spreidde seg i sosiale og vanlege medium. Den mest profilerte av dei, Jan Åge Fjørtoft, skriv til sine 122.000 følgjarar på Twitter at sjølv om han snakkar litt rart på fjernsynet av og til, så er han «stor tilhengar av både nynorsk og Ivar Aasen».
  • FpU vil at innvandrarar lærer seg norsk, men er ikkje så oppteken av at dei sjølve må det same. Dei vil ikkje at norskkarakteren skal stå i vegen for at folk kan bli det dei vil, men vil ha mattekrav til lærarutdanninga. Eit parti som liker å snakke om kunnskap, burde sjølve vere audmjuke nok til å prøve å lære meir. Meir kunnskap om språk gjer deg til ein betre språkbrukar. Eg trur bokmålsbrukarane i FpU skriv betre bokmål av å lære seg betre nynorsk. Det er nynorskbrukarar i same partiet. Eg ville lært litt av dei.