Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forsvaret for heimepornoen på OnlyFans er interessant og naiv.

Sex i deleøkonomien

Det er fascinerande å følgja debatten rundt OnlyFans, og deira varsla blokkeringa av pornografisk innhald. Det er noko med sjølve fenomenet, engasjementet og argumenta, som på absurd vis samlar ein sprikande samtidskultur. Om du ikkje har fått det med deg, så er OnlyFans altså eit raskt veksande sosialt medium. Her, som på liknande digitale plattformer, kan brukarar dela foto og video av seg sjølve, men berre med betalande «fans» – eller kundar, som det heitte før.