Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fadderen

  • Då eg flytta til Bergen og byrja på universitetet, fekk vi vite første dagen at det ikkje var nokon fadrar til oss. Så då stod vi der, ein gjeng historiestudentar midt på gamle Leninhøgda. Vi såg på kvarandre og anten sa eller på telepatisk vis overførte tankane. «Ja, ja. Skal vi ta ein pils, då?» Det regna ein del, så vi sat mykje inne i kollektivet til han eine sunnmøringen og drakk enorme mengder av den billegaste pilsen vi fann og høyrde på svartmetall i akkurat passe høgt volum. Det var den veka eg vart kjent med musikken til Ulver, eit band som prega mykje av det tidlege studenttilværet mitt. Etter ei veke gjekk vi kvar til vårt, og eg såg dei aldri att.