I september er det val i Tyskland. Enn så lenge er det einaste ein kan vere heilt sikker på at regjeringssjefen etter valet ikkje vil heite Angela Merkel. For ettertida vil Merkel bli hugsa for at ho gjennom sine 16 år som Tysklands kanslar skapte respekt for landet sitt internasjonale fora. Ho engasjerte seg sterkt for grøn energiomstilling, og som ein av svært få europeiske statsleiarar ønskte ho flyktningar velkomen under den store krisa i 2015.
Tyskland er blitt rikare under Merkel, men talet på fattige aukar.