Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås. I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på fara for kvast i heile oppveksten. Alt i ungdomsåra, då eg vart sett til å gå opp gjerda etter vinteren, har far min formana meg om kvast.
Utan omsyn kan norgesferier forringe landbruket vårt.