Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

Født Fri tapte klagesak

Tom Henning Bratlie

Konkursbuet til stiftinga Født Fri tapte klagesaka om fråteken statsstøtte. Vedtaket frå Kunnskaps- og integreringsdepartementet er endeleg. Det vil truleg innebere at stiftinga ikkje klarer å ta opp att drifta og gjere om konkursen, skriv Vårt Land. I november vart det kjent at Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) vedtok å halde tilbake driftsstøtta til Født Fri på 3 millionar kroner for andre termin i fjor. Født Fri har sidan 2017 arbeidd med å fremje likestilling og motverke negativ sosial kontroll. ©NPK