- «Eg har sagt det til dei at dei må fikse denne døra. Ho er så mygla at ho ikkje går att», snøvlar ein gamal type som har fått seg nokre pils for mykje. Klokka er om lag tolv på dagen, og vi er ein stad utanfor Sotra vest for Bergen. Vi er på veteranbåttur, og fyren lukkar døra som ikkje går att, og poenget hans fall litt. Men han opnar døra att og snublar seg innover. Han ser litt forkomen ut. Det er fordi han er på feil dekk, men har ikkje heilt oppdaga det enno. Når dei gamle fjordabåtane byd opp til cruise, kjem strilane og gjer det til ein fest.
Fjordabåt
Dagboka