Du kan bla til neste sideBla med piltastene

AUGEBLINK

Ei kjensle av age

Knut Løvås

Opplevinga av ærefrykt skapar eit rausare rom i oss og omkring oss.

Ein stad på Stillehavskysten i delstaten Oaxaca i Mexico, ved landsbyane Puerto Angelito, våga eg meg ein gong ut av allfarvegen og eit stykke innover i den tropiske skogen. Det var 30 varmegrader. Lufta var stinn av angar, høg fukt og ei fortetta, grøn stille. Nokre underlege lydar nådde meg frå fuglar lenger inne. I ei lysare glenne stoppa eg opp. Sjølv lyset sveitta. Medan eg stod slik, byrja plutseleg ein stor trestamme som låg like framfor meg, å leva. Eg stokk til. Men så flimra ei mengd blåstripete sommarfuglar opp framfor meg som eit levande tårn.