Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sju av ti bedrifter tilbake i år

ØKONOMI: Nesten 70 prosent av medlemsverksemdene trur dei vil vere tilbake i normal drift i løpet av året, viser nye tal frå Virke – hovudorganisasjonen til handels- og tenestenæringa. Aktiviteten har teke seg gradvis opp dei siste månadene og opererer no på 89 prosent av kapasitet samanlikna med før pandemien. Også faghandel og trening har teke seg kraftig opp. Virke vil ha ei kraftig satsing på sirkulær økonomi. – Sirkulær økonomi er eit kinderegg, som vil bidra til å løyse klimakrisa, samtidig som vi skaper fleire arbeidsplassar seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke. ©NPK