RASKT: Den viktigaste handelsavtalen sidan EØS skal opp i Stortinget berre 13 dagar etter at partane vart samde.
Fredag 4. juni varsla næringsminister Iselin Nybø (V) at regjeringa var samde med Storbritannia om ei ny handelsavtale.
TILDELINGAR: Regjeringa opnar for nye område for havvind-utbygging. Olje- og energiminister Tina Bru (H) fortalde tysdag om planane på Floating Wind-konferansen i Haugesund. – Dette er eigentleg den viktigaste energi- og industriplanen som har vorte lagt fram på mange, mange år. Den seier noko om korleis vi skal produsere nok straum til både å kutte utsleppa, men også skape nye arbeidsplassar og leggje til rette for meir industriutvikling, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) til NRK. Dei første tildelingane av areal skal skje tidleg neste år. Direktør for Norsk olje og gass Anniken Hauglie seier ho er fornøgd med planane. ©NPK