Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Støtta til EØS-avtalen er på eit historisk høgt nivå:

Ja, vi elskar EØS

STOR OPPSLUTNING: I Klassekampens halvårlege meiningsmåling svarar heile 65,9 prosent at dei ville ha stemt ja til EØS-avtalen i ei folkerøysting. 28,2 prosent ville ha stemt ja til å melde Noreg inn i EU.

POSITIVE: Samstundes som EØS-kritiske parti ligg an til å gjere eit brakval, har folk aldri vore så positive til avtalen som no.

På Klassekampen si nye meiningsmåling syner det seg at støtta til både EU og EØS-avtalen er aukande i befolkninga. Vi må tilbake til 2010 for å finne ei like stor støtte til norsk EU-medlemskap som i dag, og for EØS-avtalen sin del har det aldri vore registrert eit så høgt ja-nivå som i dag.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production