KLIMAKAMP: På Senterpartiet sitt landsmøte kjempar ungdomspartiet fleire harde klimakampar, men dei ser ikkje ut til å vinne fram.
Senterpartiet har digitalt landsmøte i helga, og fleire av dei mest sentrale diskusjonane går rundt klimaspørsmål.
CO2-avgift, elbilar og oljepolitikk er noko av det som har utløyst dei største debattane i vekene inn mot landsmøtet.
Det er tale om eit parti som i 2000 var med på å gå ut av regjering i protest mot høge CO2-utslepp frå gasskraftverk, men som også er svært opptekne av at klimaløysingar ikkje må råke vanlege folk for hardt.
På årets landsmøte er det ungdomspartiet som kjempar for ein meir radikal klimapolitikk.
– Vi trur vi må endre skatteregimet for oljenæringa, for i dag bidreg politikken til at olje er meir lønsamt enn grøne næringar. Vi må gjere dei næringane som vår generasjon skal leve av lønsame, seier leiar i Senterungdommen Torleik Svelle.
Vil sjå på leiterefusjon
I arbeidet med nytt partiprogram har ungdomspartiet kjempa for å få inn ei formulering om at skatteregimet for petroleumsnæringa må greiast ut for å finne korleis investeringar kan bli vridd over på meir fornybare næringar.
Ungdomspartileiaren trur at det i dag er så lønsamt å investere i olje at mange grøne prosjekt ikkje blir satsa på.
Mellom anna peikar Senterungdommen på dagens ordning med at oljeselskapa får refundert kostnadar knytt til leiting av olje før dei tener pengar.
– Då vil mellom anna leiterefusjonsordninga vere blant det vi må sjå på. Vi må greie ut heile skatteregimet, med sikte på å få fleire til å investere i fornybart i staden for olje, seier Svelle.
Men i programkomiteen si innstilling til landsmøte, fekk ungdomspartiet ikkje fleirtal for forslaget sitt.
Likar dagens politikk
Nestleiar i Sp Ola Borten Moe, som også jobbar i oljeindustrien, seier at han kjem til å jobbe mot forslaget til Senterungdommen.
– Hovudformålet med skatteregimet for petroleumsnæringa er å sørge for inntekter til fellesskapet, og det har vore veldig vellukka, seier Moe.
Han jobbar til dagleg som plattformsjef på Draugen, og han var også med å starte oljeselskapet Okea i 2015. Frå 2011 til 2013 var han oljeminister i den raudgrøne regjeringa.
Han ser ingen grøn til å endre på dagens leiterefusjonsordning.
– Leiterefusjonsordninga er veldig fornuftig, og har tent fellesskapet veldig godt i mange år, seier Moe.
Vil kutte elbilfordelar
Ei anna sak som skil oljegrunderen Moe og ungdomspartiet er spørsmålet om elbilfordelar.
«Vi trur vi må endre skatteregimet for oljenæringa, for i dag bidreg politikken til at olje er meir lønsamt enn grøne næringar»
— Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen
Torleik Svelle seier at han tykkjer det er for tidleg å byrje å avgrense elbilfordelane allereie no. Moe tykkjer derimot at det er på høg tid.
– Vi brukar enorme summar her i landet på å subsidiere elektriske personbilar, og det er rett og slett ikkje eit berekraftig system i lengda, seier han.
Fleirtalet i programkomiteen har gått inn for eit forslag om at elektriske bilar som er dyrare enn 600.000 kroner må betale dei same avgiftene som bensin- og dieselbilar. Frå før har Arbeidarpartiet landa på det same.
2. nestleiar i Senterpartiet Anne Beathe Tvinnereim har sansen for ungdomspartiet sitt forslag om å forandre oljepolitikken, men trur likevel ikkje ho kjem til å røyste for forslaget deira.
– Eg ligg vel ein stad mellom Ola og Senterungdommen når det kjem til oljepolitikk, men eg tenkjer at det forslaget som har fleirtal er fornuftig, og at også ungdommen kan vere fornøgd med det, seier Tvinnereim.
Eit greitt kompromiss
Ho blir av fleire skildra som ein av toppolitikarane i Senterpartiet som er meir oppteken av klimaspørsmål, men også i debatten om elbilfordelar røyster Tvinnereim mot Senterungdommen sitt forslag om å halde fram med dagens modell.
– Eg tenkjer nedskaleringa til å kutte fordelane for dyrare bilar er eit greitt kompromiss som fleire bør kunne leve med, seier ho.
Sjølv om mykje tyder på at Senterungdommen taper klimakampane dei kjemper for på landsmøtet, vil ikkje Torleik Svelle gå med på at det gjer han veldig skuffa.
– Vi er eit veldig ansvarleg ungdomsparti som presser moderpartiet i klimaspørsmål, men om vi ikkje vinn fram, så er det framleis eit veldig godt partiprogram som vi er fornøgde med, seier han.