Fotball er livet
«Tap og vinn med same sinn» er hardt for både fedrar og barn.

(Noreg, 2020)
Regi: Line Hatland
Dokumentar
Med: Anna, Fred, Khalid, Yu, Afnan og andre deltakarar på Norway Cup i 2019
Aldersgrense: Tillaten for alle
Lengde: 1 t. 29 min.
For andre år på rad er Norway Cup avlyst på grunn av koronapandemien. Fotballturneringa, som vanlegvis set sitt preg på Oslo den første veka i august, er tilbake på Ekebergsletta til 50-årsjubileet i 2022. I mellomtida kan ein sjå Line Hatlands fine dokumentar «Bortebane», som også har venta eit år på å koma ut til publikum i opne kinosalar. Filmen vart tatt opp i 2019 og følgjer fem unge frå ulike nasjonar, alle jenter og gutar i 14-årsalderen. Jamvel om det var den konkrete turneringa som stod i hovudet på desse deltakarane der og då, er sjølve dokumentaren tematisk tidlaus og står seg svært godt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn