Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Barnefilmfredag

Fotball er livet

«Tap og vinn med same sinn» er hardt for både fedrar og barn.

ETTERLENGTA SIGER: Yu er kaptein for Panda Girls frå Chengdu, og ho kjenner eit ekstra stort ansvar for å vinna på Ekebergsletta.FOTO: EUFORIA FILM

(Noreg, 2020)

Regi: Line Hatland

Dokumentar

Med: Anna, Fred, Khalid, Yu, Afnan og andre deltakarar på Norway Cup i 2019

Aldersgrense: Tillaten for alle

Lengde: 1 t. 29 min.

For andre år på rad er Norway Cup avlyst på grunn av koronapandemien. Fotballturneringa, som vanlegvis set sitt preg på Oslo den første veka i august, er tilbake på Ekebergsletta til 50-årsjubileet i 2022. I mellomtida kan ein sjå Line Hatlands fine dokumentar «Bortebane», som også har venta eit år på å koma ut til publikum i opne kinosalar. Filmen vart tatt opp i 2019 og følgjer fem unge frå ulike nasjonar, alle jenter og gutar i 14-årsalderen. Jamvel om det var den konkrete turneringa som stod i hovudet på desse deltakarane der og då, er sjølve dokumentaren tematisk tidlaus og står seg svært godt.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?