Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Får det betre av å bu med kvinner

STUDIE: Menn i Forsvaret som bur og jobbar med kvinner, blir meir positive til likestilling og får betre haldning til det motsette kjønn, ifølgje ein studie. Forskning.no omtalte studien først. Forskarar frå Sverige, USA og Noreg står bak studien der 500 rekruttar frå Brigade Nord deltok. Mennene som delte rom med kvinner, var meir positive til likestilling enn dei som ikkje gjorde det, og fekk betre haldningar til det motsette kjønn. Men berre eit halvt år etter at rekruttperioden var over, gjekk mennene tilbake til gamle haldningar.©NPK