Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Leiinga svikta i Eirik Jensen-saka

GRANSKING: Eit uavhengig utval slo i går fast at leiarskapen svikta i oppfølginga av bekymringsmeldingar mot Eirik Jensen før han vart dømd for korrupsjon og hasjsmugling. – Bekymringa om regelbrot vart ikkje undersøkt og dermed oversett og i praksis nærast godteken. Domfelte kunne arbeide med kjelder og informantar år etter år, seier utvalsleiar Ingeborg Moen Borgerud. Ho viser til at Jensen vart etterforska av Spesialeininga to gonger før korrupsjonssaka vart rulla opp. Begge sakene vart lagde bort. Rapporten peikar i hovudsak på mangelfull leiing, ukultur og haldningar, og mangelfull internkontroll og risikoerkjenning. ©NPK