NYTT: I fleire år har rettspsykiater Randi Rosenqvist tatt til orde for ein ny type institusjon for sjuke straffedømde. No får ho Arbeidarpartiet i ryggen.
Målet for dei fleste fangar er å tre ut att i det fri etter soning, men for ei lita og marginalisert gruppe menneske er dette eit fjernt håp, slår rettspsykiater Randi Rosenqvist fast. Ho jobbar med dei sjukaste og farlegaste som sit i norske fengsel.