Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Essay

KJÆRLEIK OG MØRKE

Eksil: Under krigen slo Sigrid Undset på krigstrommer mot Hitler, men private brev viser krisesituasjonen ho sjølv sto i.

NYTT LAND: Sigrid Undset, fotografert ikkje lenge etter at ho flykta frå Noreg til USA. © FOTO: AL FENN/PIX INC./LIFE IMAGES COLLECTION/GETTY Al Fenn

Nyåret 1939 kom til Sigrid Undset med ei sorg. Da døydde hennar einaste dotter, Maren Charlotte, kjærleg kalla både Mosse og Tulla. Det kan synast uforklarleg at ho seinare skreiv til sin finsk-svenske forfattarvenn Jarl Hemmer at ho «er glad for det på en måte». Men for Sigrid Undset er det personlege tapet blanda med politisk innsyn, av kva som kunne vere i vente for eit funksjonshemma barn. «Ingenting i verden har jeg vært mer redd for end at hun skulle overleve mig, og dessuten – slik som verden er nu, og der er visst lite håb om at den skal bli bedre i vår tid, så er den ikke noe godt sted for et helt hjelpeløst menneske.» Dei to forfattarane samarbeidde i ein nordisk forfattarfront mot veksande fascisme og nazisme, men var også blitt personlege venner.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?