Nyåret 1939 kom til Sigrid Undset med ei sorg. Da døydde hennar einaste dotter, Maren Charlotte, kjærleg kalla både Mosse og Tulla. Det kan synast uforklarleg at ho seinare skreiv til sin finsk-svenske forfattarvenn Jarl Hemmer at ho «er glad for det på en måte». Men for Sigrid Undset er det personlege tapet blanda med politisk innsyn, av kva som kunne vere i vente for eit funksjonshemma barn. «Ingenting i verden har jeg vært mer redd for end at hun skulle overleve mig, og dessuten – slik som verden er nu, og der er visst lite håb om at den skal bli bedre i vår tid, så er den ikke noe godt sted for et helt hjelpeløst menneske.» Dei to forfattarane samarbeidde i ein nordisk forfattarfront mot veksande fascisme og nazisme, men var også blitt personlege venner.
Eksil: Under krigen slo Sigrid Undset på krigstrommer mot Hitler, men private brev viser krisesituasjonen ho sjølv sto i.
KJÆRLEIK OG MØRKE
Essay