Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Promising Young Woman» nynaserer hemnenfiksjonen og spissar retorikken mot valdrøynda.

Tidsrett hemnthriller

ULV I FÅREKLEDE: Ei einsleg, dritings kvinne på nattklubb. Vil ho få hjelp til å koma seg heim, eller «hjelp» til å koma seg heim til ein mann. Carey Mulligan briljerer som hemnaren Cassie. FOTO: UIP Courtesy of Focus Features

Finst det noko nifsare for ein kåt mann enn ei edru kvinne?

(USA, 2020)

Regi og manus: Emerald Fennell.

Med: Carey Mulligan, Laverne Cox, Bo Burnham, Alison Brie, Molly Shannon.

Lengde: 1 t. 53 min.

Vist på: Opne kinoar.

«Ein god mann», det var det dommar Brett Kavanaugh insisterte på at han var, då det amerikanske senatet spurte han ut om ungdomstida, om «garderobeprat» som hamna i skolekatalogen, om private fyllefestar og om uønskte seksuelle tilnærmingar, som psykologiprofessor Christine Blasey Ford hugsa som brutale enno 36 år seinare.