Langfilmen om Yakari er ei forflating av figuren.
(Yakari, le film, Frankrike/ Tyskland/ Belgia, 2020)
Regi: Toby Genkel og Xavier Giacometti.
Manus: Xavier Giacometti, basert på teikneserien til «Job & Derib».
Røyster: Norsk dubbing.
Lengde: 1 t. 22 min.
Aldersgrense: For alle.
Vist på: Opne kinoar.
Sioux-guten Yakari, som er ven med og kan snakka med alle dyra på prærien, er ein kjend figur for «Barne-TV»-publikum gjennom 15 år. På kontinentet har Yakari ei mykje lengre historie, i første rekkje som hovudperson i sin eigen fransk-belgiske teikneserie, skapt av sveitsarane André Jobin (tekst) og Claude de Ribaupierre (teikning). Sidan 1973 er det publisert 40 album om Yakari. Serien er òg omsett til norsk. I moderne barnekultursamanheng er tida overmogen for ein Yakari-langfilm – men kanskje ikkje for «Yakari på nye eventyr».