Sju fjell omkransar som kjent Bergen og kanskje litt i overkant mykje definerer sjølvbiletet til dei som bur i midten. Ein kan ta baner til toppen av to av dei, Fløyen og Ulriken. Taubana opp til Ulriken er for tida under oppussing. Eg får følgt det litt på avstand, for eg ser fjellet heimanfrå. Bergens Tidende hadde ein truleg fin reportasje om dei som jobbar i mastene i fjellsida. Eg las det ikkje. Eg har høgdeskrekk, og det var nok å sjå bileta kjapt. All respekt til folk som byggjer ting så store at eg ikkje torer å sjå bileta eingong.
VEISKILLE: Boreal Buss tek over bussanbodet i Haldenregionen med eit anbod 27 prosent billegare enn Vy driv same bussane i dag. Tillitsvald i Norsk Jernbaneforbund (NJF) er uroa for kostnadskutta, medan Yrkestrafikkforbundet ønskjer konkurransen velkomen. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Foto: Tom Henning Bratlie
Boreal Buss AS knusar konkurrentane og leverte det klart billegaste tilbodet til Viken fylkeskommunes bussanbod for haldenregionen. Selskapet er no innstilt som vinnar.