Mot ein stormannsgalen ordførar, dug berre ein gorilla.
(Sverige, Noreg, Danmark, 2021)
Regi: Linda Hambäck
Manus: Jan Vierth, basert på Frida Nilssons barnebok
Norske røyster: Hennika Eggum Huuse, Laila Goody, Håkon Ramstad, Andrine Sæther, Jonas Kruse Jåtog, Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Marit Adeleine Andreassen, Kingsford Siayor, Marit Synnøve Berg.
Lengde: 1 t. 15 min.
Aldersgrense: For alle
Ein kunne tru, at den kryptiske tittelen «Apestjernen» var ein vri på «Apeplaneten», men jamvel om forteljinga om den oppofrande barneheimsjenta Jonna som blir adoptert av ein gorilla har nokre tematiske hint til sciencefiction-klassikaren, er desse neppe lagde til med vilje av filmskapar Linda Hambäck («Gordon & Paddy») eller av Frida Nilsson, som i 2005 skreiv barneboka filmen er bygd på. Den svenske forfattaren – som støtt blir jamført med sjølvaste Astrid Lindgren – skriv ein del fantastisk litteratur, men i «Apestjernen» er prosjektet hennar snarare å underleggjera eit alminneleg, jordisk miljø, slik at vi kan sjå på livet med friske – og barnlege – augo.