Du kan bla til neste sideBla med piltastene

1. mai skal feirast, men det vert utan arbeidarane i gatene:

Fest utan faner

MIMRING: Det vert ikkje like folksamt på Youngstorget i Oslo i år som i 2014, da daverande LO-leder Gerd Kristiansen talte. FOTO: ERLEND AAS, NTB Erlend Aas

INNSTILT: For andre gong blir 1. mai feira utan markeringane med tog og raude faner i gatene rundt om i landet.

På same måten som i fjor blir det ei digital sending frå den tradisjonelle 1. mai-markeringa. I fellesprogrammet er det lagt opp til at folk får oppleve alle dei vande punkta: Det blir flaggheising og song. Hovudappellane, som er ved LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og Ap-leiar Jonas Gahr Støre, blir sende digitalt frå ein annan stad enn Youngstorget i Oslo.