Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ha kontrollkomiteen på banen

KORONAKRISA: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner at rapporten frå koronakommisjonen om pandemihandteringa til regjeringa bør behandlast av kontrollkomiteen på Stortinget før valet. Rapporten konkluderte med at styresmaktene i starten av pandemien ikkje sørgde for at smitteverntiltaka var i tråd med Grunnlova og at regjeringa ikkje var godt nok førebudd, sjølv om pandemihandteringa var god. Moxnes seier til NTB at om ikkje Stortinget behandlar rapporten før valet, er det ansvarsfråskriving, «der ingen må svare for alvorlege feil som har gått utover millionar av menneske, spesielt arbeidsfolk, barn og unge, åleinebuande, sjuke og sårbare». ©NPK