Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den vestlandske motrørsla lærte Herdis Helle verdien av å sjå ein sak frå fleire sider, men i distriktspolitikken er det berre bygda som gjeld for LO-advokaten.

Med hjarte for landet

HEIM: Herdis Helle bur på ei øy, men lengtar framleis heim att til barndomsbygda i Askvoll, i h­av­gapet ytst i Sunnfjord. – Det er så fint lys der, seier ho.

Ferjelemmen legg seg fredeleg ned mens MS Ole Bull seglar lydlaust vekk over fjorden. Beskjeden var: Kom med ferja, sjølv om det også går bru over. Så me må venta på neste. Ein halvtime seinare trillar me om bord, og tolv minutt etter det att, køyrer me i land på den største innlandsøya i Noreg. Me passerer den rosa sommarvillaen til Ole Bull og tar inn på ein smal sideveg, der det skarpe sollyset berre enkelte stadar slepp gjennom dei høge grantrea.