Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kan få anna vaksine som dose to

RISIKO: Personar som fekk koronavaksinen til Astrazeneca før den vart stoppa i Noreg, får tilbod om vaksinen til Pfizer eller Moderna som dose to. – Det er behov for ei avklaring om dose to før Vorland-utvalet skal levere rapporten sin. Derfor vil dei som har fått éin dose av Astrazeneca-vaksinen, få tilbod om at andre dose blir Pfizer-Biontech eller Moderna, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding. Noreg stansa bruken av Astraeneca-vaksinen 11. mars etter meldingar om tilfelle av blodpropp hos personar som har fått vaksinen. Vorland-utvalet skal innan 10. mai vurdere risikoen ved å ta i bruk Astrazeneca- og Janssen- vaksinane. ©NTB