Det kan vere lurt å rådføre seg med tilhengjarane før ein snur opp ned på ein fotballklubb. Berre spør Wimbledon.
Alle som har sett fotball frå 1990-talet, har sett Vinnie Jones ta grep om ballane til Paul Gascoigne. Dei skitne grepa, dei skitne taklingane, den skitne bana. Det er umogleg å tenkje på Wimbledon, den vesle fotballklubben som kom opp til dei store, vann FA-cupen i 1988, spelte Premier League på 1990-talet og gjekk under namnet «The Crazy Gang», utan å tenkje på det skitne.