JAKT: Fyrste gong Mia Karine Johansen var på elgjakt, håpte ho det aldri kom nokon elg. For då slapp ho å ta avgjerda det er å trekka av. Ho er ein del av ei kraftig veksande gruppe: kvinnelege jegerar i Noreg.
For nokre år sidan såg eg eit fotografi av ei venninne. Ho stod breibeint over ein svær reinsbukk ho nett hadde skote. Vêret såg surt ut, vinden rota til håret hennar, og litt blod var sølt utover jakka hennar. Ho hadde eit fast grep rundt geviret til bukken og eit breitt smil i ansiktet. Ho var høggravid. Dette fotografiet utfordra mi førestilling om kvinner og identitet. Kva vil det seie å vera ein kvinneleg jeger?