Berre nye delar har vore godt nok når bilar har vorte reparert. Kan bilindustrien velje ein meir berekraftig veg?
På veggen heng fastnøklar i alle størrelsar på rekke og rad. Det lukter søtt av bensin og diesel. Michael Jackson syng «Heal the world» på radioen, men det forsvinn stadig i latterbrøl og støy frå drillen.