Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noreg vil endre bistandsstrategi

KLIMA: Regjeringa vil i den nye bistandsstrategien sin bruke fleire bistandsmilliardar til klimaoffer, og mindre til utsleppskutt. Den nye strategien vart lagt fram i går og vil få konsekvensar for korleis Noreg skal bruke bistandsmilliardar i åra som kjem. – Folk mistar livet, blir drivne på flukt og livsgrunnlaget forsvinn. Klimakrisa har enorme konsekvensar, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) til Bergens Tidende. Noreg har tradisjonelt – til liks med dei fleste andre land – lagt mest vekt på utsleppskutt i klimabistanden. I 2020 gjekk rundt 25 prosent av den totale klimapotten i bistandsbudsjettet til klimatilpassing, men det ønskjer no Ulstein å endre. ©NPK