FORDELING: Regjeringas fordeling av koronamidler til kriseråka bedrifter treff dårleg, åtvarar NHO Reiseliv og ordførar i Hemsedal Per Rørby (Sp).
Like før påske fordelte regjeringa éin milliard kroner til kommunane. Pengane skal gå frå kommunekassane vidare til kriseråka næringsliv, som er råka av nasjonale eller lokale smitteverntiltak, men ordninga møter kritikk for å treffa skeivt og tilfeldig.