Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kamelåså

  • «Hun vil sikkert prate med XX og XX etter hun snakket med deg. Hun vil sikkert prate med dere på grunn av deres fine niggerbodies.» Dette er eitt av sju varsel frå spelarar i Strømsgodset til spelarorganisasjonen Niso mot hovudtrenar og danske Henrik Pedersen, ifølgje Nettavisen. TV 2 omtalte varsla tysdag, etter at klubben hadde handsama eitt anna varsel frå ein tilsett i klubben. Nettavisen fekk stadfesta innhaldet i to av dei. Den nemnde episoden, og ein der Pedersen snakka om ein spesifikk spelar, vende seg mot ein tilsett i klubben og kalla spelaren «monkey» etterfølgt av «idiot».