Drapet på Washington Post-spaltisten Jamal Khashoggi kasta nytt lys over meir enn brutaliteten til det saudiske kongedømet. Mordgranskinga – driven av etterretningslekkasjar – eksponerte òg pinleg tette band mellom dei ein kunne kalla Khashoggis arbeidsgjevar og drapsmann: Washington Posts eigar Jeff Bezos og Saudi-Arabias kronprins Mohammed Bin Salman. Dokumentarist Bryan Fogel minner om samrøret i sin kinoaktuelle «The Dissident». Ein film som gjennom å bli skydd av strøymetenestene også tydeleggjer ytringsfridomsproblema vestlege medieimperium har skapt med sin kamp om globalt herredøme.
Overvakingskapitalismen møter autokratisk politisk overvaking.