LANDBRUK: Talet på landbruksbrannar fall i 2020, både for driftsbygningar og bustadhus på gardsbruk. Til saman 852 husdyr døydde i brannar i 2020. Dette er vesentleg lågare enn gjennomsnittet på 6800 dei siste ti åra, skriv Brannvernskomiteen i landbruket i ei pressemelding. Styreleiar Pål-Arne Oulie seier at dei fleste branntilløp i driftsbygningar har elektrisk årsak – spesielt i sikringsskap. – For å avdekkje dette før brann oppstår, er brannførebyggjande el-kontroll med varmesøkjande kamera viktigaste tiltak. Brannerstatning for driftsbygningar har auka frå 2019, men er likevel lågare enn gjennomsnittet dei siste ti åra.©NPK