Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Obamas sunne «Sesam»-hage

FØRSTEFRUE PÅ TAKTERRASSEN: Michelle Obama får mattips frå bia Bizzy, riskaka Mochi og «vaffeldyret» Waffles. FOTO: NETFLIX ADAM ROSE/NETFLIX

Artig og informativt om mat, men for mykje fyll.

(USA, 2021)

Serieskaparar: Erika Thormahlen & Jeremy Konner.

Med: Michelle Obama.

Lengde: 10 episodar à 25 min.

Lyd: Norsk dubb/ engelsk tale med norsk teksting.

Aldersgrense: For alle.

Vist på: Netflix.

Barack og Michelle Obama har gått i partnarskap med Netflix via selskapet A Higher Ground Production, der dei har brukt namnet sitt til å løfta fram dokumentarane «American Factory», som vann Oscar i fjor, og «Crip Camp», som er Oscar-nominert i år. Og jamvel om det er mykje å seia om forholdet mellom ord og handling i deira tid i Det kvite hus, kan ein sjå at Obamas freistar å så nye, progressive frø blant Netflix’ store publikum.