Artig og informativt om mat, men for mykje fyll.
(USA, 2021)
Serieskaparar: Erika Thormahlen & Jeremy Konner.
Med: Michelle Obama.
Lengde: 10 episodar à 25 min.
Lyd: Norsk dubb/ engelsk tale med norsk teksting.
Aldersgrense: For alle.
Vist på: Netflix.
Barack og Michelle Obama har gått i partnarskap med Netflix via selskapet A Higher Ground Production, der dei har brukt namnet sitt til å løfta fram dokumentarane «American Factory», som vann Oscar i fjor, og «Crip Camp», som er Oscar-nominert i år. Og jamvel om det er mykje å seia om forholdet mellom ord og handling i deira tid i Det kvite hus, kan ein sjå at Obamas freistar å så nye, progressive frø blant Netflix’ store publikum.