HJELP: Fleire skip er fortøydd no enn på det verste under oljekrisa. No vil næringa ha hjelp frå staten til å hogge dei opp.
Norske reiarlag har 144 offshoreskip i opplag, 100 av dei langs norskekysten. Til saman låg 201 riggar og skip i opplag i januar, høgare enn dei høgste tala frå 2016 og 2017 etter oljekrisa. Det viste konjunkturrapporten til Rederiforbundet frå sist veke.