Eit nytt språk har fått plass i rampelyset. Skisserer det ein ny tidsalder for teiknspråket?
Kameraknipsinga er øyredøyvande. Pressekorpset pressar seg på. Dei vil fange statsministeren i profil. Sara Elisabeth Villarroel Berntsen må sette øyra på stilk. Ho kan ikkje bli distrahert av knipsinga. Ho håper ho kan lite på at høgtalaren ved sida av ho speler lyden frå pressekonferansen høgt nok. Ho er nemleg informasjonskanalen som gjer at 16.500 døve og høyrselshemma i Noreg får informasjon om koronaviruset samstundes som dei høyrande borgarane i landet.