Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dialekten

  • Første gongen eg gjekk på ein språkkafé, gjekk eg bort til nokon som såg ut som dei var blant arrangørane, for å spørje henne kva som var opplegget. Ho såg på meg og sa sakte med overtydeleg diksjon «og kva land kjem du frå, då?». «Eg kjem frå Nordhordland,» sa eg. Lagnaden som mumlete mann frå Vestlandet, er at det ikkje alltid er like lett for andre å forstå kva eg bablar om. Eg veit ikkje kor mange gongar folk har spurt kvar eg er frå og eg svarar Alversund, før dei seier «åja, det er fint i Ålesund». For nokre år sidan, tok eg konsekvensen av det og flytta til Ålesund (og flytta tilbake att fordi … herregud). Det neste steget, vert å byte namn til Morten.