Måndag lanserte HBO ein dokumentar som fornya dei 30 år gamle incestskuldingane mot Woody Allen. Lenge før dei ivrigaste hadde sett ferdig «Allen v. Farrow», kom dei første publikumsdommane på IMDB (nettdatabase for film): 1 av 10 stjerner. Slaktet var grunngjeve med kjente påstandar om at Dylan, den då sjuårige adoptivdottera til Allen og Mia Farrow, vart hjernevaska av mora til å tru at faren hadde misbrukt henne. Motivet var å få foreldreretten til barna. Filmparet var i eit dramatisk samlivsbrot, som følge av at Allen hadde eit forhold til ei anna, eldre adoptivdotter av Farrow, 21-årige Sun-Yi Previn.
Media dreiv med «trolling» av kvinner lenge før internett.